Verkeområdet til forskrifta
(1) Forskrifta gjeld for all utdanning som fører fram til graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen i Volda, irekna også fellesgradar og cotutelle, om ikkje anna er avtalt.
(2) Forskrifta gjev reglar om opptak, gjennomføring og avslutting av ph.d.-utdanning ved Høgskulen i Volda.
Omfang, innhald og målsetjing for ph.d.-utdanninga
Målsetjing
Ph.d.-utdanninga skal kvalifisere for forskingsverksemd av høg internasjonal standard og for anna arbeid i samfunnet der det vert stilt store krav til vitskapleg innsikt og analytisk tenkjing, i samsvar med god vitskapleg skikk og forskingsetiske standardar. Ph.d.-utdanninga skal gje kandidaten kunnskap, dugleikar og kompetanse i tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket.
Omfang
Ph.d.-utdanninga er normert til tre (3) års fulltidsstudium og inkluderer ein opplæringsdel på minimum 30 studiepoeng. Den viktigaste delen av ph.d.-utdanninga er eit sjølvstendig forskingsarbeid som vert gjennomført med aktiv rettleiing.
Innhald
Ph.d.-graden vert tildelt på grunnlag av:
Godkjent vitskapleg avhandling
Godkjent gjennomføring av opplæringsdelen
Godkjent prøveførelesing over oppgjeve emne
Godkjent offentleg forsvar av avhandlinga (disputas).