Beskytta produktnemning
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke.
Rettmessig brukar
Fjellam frå Ryfylke SA.
Vilkår for bruk av produktnemninga
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke er kjøt av lam som i minimum 8 veker har beita på fjellbeite på over 500 m.o.h. i fjellområda i Ryfylke.
Nemninga omfattar ferske og fryste skrottar, naturlege stykningsdelar og kjøtsorteringar. Lamma skal ha ei slaktevekt på minimum 16 kg og vera klassifiserte i slakteklasse O+ eller betre og ha maksimum 3+ i feittmengd.
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke skal gå på fjellbeite i Ryfylkeheiane. Dette geografiske området omfattar heiaområda i kommunane Hjelmeland, Sandnes, Sauda, Suldal, Stavanger og Strand i Rogaland, og også mindre fjellområde i kommunane Ullensvang i Vestland, Bykle og Sirdal i Agder og Gjesdal i Rogaland. Sjå vedlagte kart.
Lamma skal gå på fjellbeite i minimum 8 veker.
Slaktemodne lam bør leverast til slakting så snart som mogleg etter sanking, og seinast 1. november. Eventuell sluttfôring bør bestå av godt håbeite. Tilleggsfôring med kraftfôr skal ikkje skje i lengre periode enn maksimum 3 veker.
Alle forhold rundt beiting og fôring skal dokumenterast.
Fjellam frå Ryfylke/Fjellam fra Ryfylke kan merkast med teksten og figurmerket for Beskytta geografisk nemning.