Føremål
(1) Studia ved Universitetet i Bergen skal:
vere forskingsbaserte og legge til rette for studentaktiv læring,
ha møteplassar mellom studentar og fagleg tilsette, og sørge for at studentane blir integrerte i fagmiljøa,
gi opplæring i akademisk reielegheit, ytringsfridom og fagkritikk,
gi den digitale kompetansen som er relevant for fagområdet og
gi eit godt grunnlag for læring heile livet.
(2) Eit klårt og tilgjengeleg regelverk er viktig for at studentane skal verte kjend med dei rettar og pliktar ein har som student ved universitetet, og for å sikre lik praksis på dei ulike fakulteta.
(3) Universitetet i Bergen ønsker å legge til rette for utvikling og utprøving av lærings-, undervisings- og eksamensformer som fremjar betre læring.
Verkeområde
(1) Forskrifta fastset hovudreglane for studium ved Universitetet i Bergen, innanfor rammene av universitets- og høgskulelova og sentrale forskrifter frå departementet. Utfyllande reglar er fastsette av dei einskilde fakulteta.
(2) Forskrifta gjeld for alle studium ved Universitetet i Bergen med unntak for ph.d.-utdanninga og etterutdanning.
Delegering
(1) Organa som har avgjerslemyndigheit etter denne forskrifta, har høve til å delegere myndigheita vidare til underordna organ så lenge det ikkje er presisert at avgjersla må treffast av organet sjølv.
(2) Rektor kan vedta mindre viktige endringar i denne forskrifta. Slike endringar kan berre gjerast etter høyring hjå fakulteta og Studentparlamentet ved UiB. Universitetsdirektøren skal rapportere slike endringar til styret.
Organisering
(1) Studia er organiserte i studieprogram og emne.
(2) Studieplanar og emneskildringar skal vere i samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket som er fastset av departementet, med universitets- og høgskuleforskrifta (særleg kapitel 1) og med reglar og retningslinjer frå universitetet.