Verkeområde og formål
Denne forskrift gjeld skolar som søkjer om godkjenning etter privatskolelova og skolar som driv verksemd etter privatskolelova.
Forskrifta skal vere med på å sikre at grunnlaget for statstilskot til den einskilde skolen er korrekt, og at skolane brukar det offentlege tilskotet og skolepengane i samsvar med privatskolelova og føresetnadene for godkjenninga.
Definisjonar
I denne forskrifta tyder
fulltidselev: ein elev som er teken inn til eit fullstendig utdanningsprogram på Vg1 eller eit fullstendig programområde på Vg2 eller Vg3
deltidselev: ein elev som er teken inn til mindre opplæring enn det som er fastsett som full tid i det aktuelle utdanningsprogrammet på Vg1 eller programområdet på Vg2 eller Vg3 etter læreplanverket.
Krav til budsjett ved søknad
Ein søknad om ny skole eller driftsendring etter privatskolelova skal følgjast av eit realistisk budsjett som speglar eit riktig bilete av forventa inntekts- og kostnadsnivå for den einskilde skole. Budsjettet skal berre innehalde transaksjonar som vedkjem skoledrifta. Budsjettet skal vise kostnader for det totale elevtalet skolen har søkt om, og korleis drifta skal finansierast. Budsjettet skal mellom anna vise kostnader til løn, under dette arbeidsgjevaravgift og pensjonskostnader samt kostnader til materiell, inventar, husleige og finanskostnader.
I notar til budsjettet skal det gå fram korleis statstilskotet og storleiken på skolepengane er rekna ut. Budsjettet skal følgje gjeldande Norsk standard kontoplan.
Dersom skolen skal drive tilleggsverksemder, jf. § 7-1, skal søknaden innehalde eigne avdelingsbudsjett. Budsjetta skal vise at tilleggsverksemdene samla er sjølvfinansiert.
Dersom skolen og tilleggsverksemda har felleskostnader, skal desse fordelast i budsjettet på den einskilde avdeling.