Kommunal- og moderniseringsdepartementet delegerer til statsforvaltaren mynde til å ta følgjande avgjerder:
Statsforvaltaren kan fastsetje at endring av grensene til eit område skal behandlast som ei grensejustering dersom området har mindre enn ti prosent av innbyggjarane i ein kommune som skal leggjast til ein annan kommune etter andre ledd bokstav b, jf. inndelingslova § 3 tredje ledd.
Statsforvaltaren treff vedtak i mindre saker om justering av kommunegrenser når det er semje om ei løysing, jf. inndelingslova § 6. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.
Statsforvaltaren fastset kommunegrenser (på land og i sjø), jf. inndelingslova § 7. Dersom kommunegrensa som saka gjeld er del av ei fylkesgrense, skal saka likevel avgjerast av departementet.
I dei sakstypane statsforvaltaren har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter inndelingslova § 6 og § 7, avgjer statsforvaltaren, jf. inndelingslova § 9, om det skal setjast i gang utgreiing på grunnlag av initiativ etter inndelingslova § 8.
Statsforvaltaren kan avvise søknad frå ein som ikkje har initiativrett, jf. inndelingslova § 9, andre ledd.
I dei sakstypane statsforvaltaren har fått delegert mynde til å fatte vedtak etter § 6 og § 7, avgjer statsforvaltaren om utgiftene ved utgreiinga skal berast av ein eller fleire av dei interesserte kommunane, jf. inndelingslova § 11.
Statsforvaltaren kan bestemme at den nye kommunen skal følgje krava til godkjenning og kontroll i kommuneloven § 60 nr. 1 og 2 dersom kommunen ikkje kan ventast å dekkje inn meirforbruket frå før samanslåinga innan to år, jf. inndelingslova § 16a.
Statsforvaltaren kan gjere unntak frå kravet om felles kommunestyremøte etter inndelingslova § 25 i dei tilfella det allereie ligg føre tilstrekkelege lokale vedtak i kvart kommunestyre.
Statsforvaltaren er mottakar av fråsegn frå fellesnemnda om årsbudsjetta og økonomiplanar for kommunane, jf. inndelingslova § 26, tredje ledd.
Statsforvaltaren kan gjennomføre lovlegkontroll med budsjettvedtak etter at utgreiing om samanslåing er sett i gang, jf. inndelingslova § 28.
Vedtak 19. april 2007 nr. 422 om delegering av mynde til statsforvaltarene etter inndelingslova blir oppheva.