Virkeområde og formål
Formålet med forskrifta er å konkretisere krava til fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet og tilsvarande butilbod. Både tilsette og brukarar skal sikrast gjennom forskrifta. Med fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet meinast tiltak som forhindrar eller forseinkar uvedkommande å ta seg inn i lokalet. Det omfattar og tiltak innandørs på krisesenteret for å trygge brukarar og tilsette som oppheld seg i krisesenterlokalet, særleg med tanke på brukarar som kan utgjere ein risiko.
Kommunen som ansvarleg
Kommunen har ansvar for den fysiske tryggleiken i krisesentertilbodet. Kommunen har eit særskilt ansvar for at krisesenteret og dei tilsette settast til stand til og gjevast kompetanse til å kunne kartleggje behov for og gjennomføre individuelle sikkerheitstiltak. Kommunen må sørge for ordningar som sikrar at det er tilsette tilgjengeleg heile døgnet for å ivareta den fysiske tryggleiken for brukarar av krisesenteret.