Formål
Formålet med forskrifta er å bidra til at medisinske obduksjonar og bruk av lik som er avgjevne til bruk i undervisning og forsking, blir utført på ein verdig måte og med respekt for den døde og dei pårørande til avdøde.
Verkeområde
Forskrifta gjeld for:
medisinske obduksjonar, jf. obduksjonslova § 3 bokstavane a og b og
bruk av lik som er avgjevne til undervisning og forsking i anatomi og andre medisinske fag.