Dvergålegras som prioritert art
Dvergålegras (Zostera noltei) er utpeika som prioritert art.
Føremål
Føremålet med forskrifta er å ta vare på dvergålegras i samsvar med forvaltingsmålet for artar i naturmangfaldlova § 5 første ledd.
Forbod mot uttak, skade og øydelegging
Alle former for uttak, skade eller øydelegging av dvergålegras er forbode. Som øydelegging er medrekna mudring, utbygging, utfylling og endring av straumforholda og andre handlingar dersom dei er eigna til å skade eller på annan måte forringe førekomstar av arten.