Landbruks- og matdepartementet skal ha dei fullmakter som etter lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten er lagde til Kongen eller departementet.
Endringane trer i kraft straks. Frå same tidspunkt blir følgjande vedtak oppheva:
Kongeleg resolusjon 19. desember 1975 nr. 2 Ikrafttredelse av lov 19. desember 1975 nr. 70 om brigde i odelsretten og åsetesretten m.m. Del. av fullmakt avsnitt II pkt. 1-7.
Kongeleg resolusjon 15. desember 1989 nr. 1243 Delegering av Kongens myndighet til Landbruksdepartementet etter odelsloven § 31 første ledd annet punktum, kongeleg resolusjon 8. desember 2006 nr. 1362 Delegering av myndighet til Landbruks- og matdepartementet etter odelslova § 16 og § 31 og kongeleg resolusjon 12. desember 1980 nr. 3966 Delegering av myndighet etter jordloven.