Unntak frå verkeområdet til offentleglova
Offentleglova gjeld ikkje for desse rettssubjekta:
Norges sjømatråd AS
SIVA Eigedom Holding AS
Gassco AS
NRK Aktivum AS
Petoro AS
Posten Noreg AS
Statkraft SF
Norsk Tipping AS
Stiftelsen Norsk Rikstoto.
Offentleglova gjeld heller ikkje for:
sjølvstendige rettssubjekt utan fast tilsette i administrativ stilling
sjølvstendige rettssubjekt som utelukkande har til oppgåve å vareta medlemmene sine interesser som arbeidsgivar eller liknande (interesseorganisasjonar).
Offentleglova gjeld ikkje for desse dokumenta hos sjølvstendige rettssubjekt:
dokument som gjeld kunstnarleg og fagleg programmering og planlegging av repertoar i kulturinstitusjonar
dokument knytte til formuesforvaltning hos rettssubjekt som har slik forvaltning som føremål
dokument hos arbeidsmarknadsføretak godkjent av Arbeids- og velferdsetaten (NAV) som gjeld enkeltpersonar som får bistand frå føretaket
dokument knytte til sak om kommersiell utnytting av forskingsresultat og sak om bidrags- eller oppdragsforsking i rettssubjekt innanfor universitets- og høgskulesektoren
dokument i sak om søknad om finansiering hos Enova SF
dokument knytte til forvaltning av statens interesser i CO2 -handteringsprosjekt hos Gassnova SF
dokument i sak om søknad om finansiering hos Innovasjon Noreg, med unntak for positive avgjerder, og dokument knytte til Innovasjon Noregs eksportfremmande verksemd og rådgivingsverksemd overfor idéskaparar og oppfinnarar
dokument i saker om finansiering og investering hos Statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland (NORFUND)
dokument hos NRK AS som er knytte til redaksjons- og programverksemda i selskapet
dokument hos Statnett SF som kan påverke prisane på kraftmarknaden, inntil opplysningane som går fram av dokumenta er offentleggjorde gjennom formelle kanalar, og dokument hos Statnett SF knytte til internasjonale samarbeidsforhold og kommersielle prosjekt som Statnett SF tek del i
dokument i sak om registrering av domenenamn hos UNINETT Norid AS
korrespondanse mellom NSB AS og dotterselskap av dette selskapet, samt mellom NSB AS og kundar av selskapet.
Paragrafen her gjeld ikkje i saker der eit sjølvstendig rettssubjekt gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift. Føresegnene i offentleglova § 6, § 7 andre ledd, § 8 tredje ledd andre punktum, fjerde ledd og femte ledd og § 30 fyrste ledd tredje punktum og andre ledd gjeld uavhengig av paragrafen her for alle verksemder som er omfatta av EØS-avtalen vedlegg XI nr. 5k (direktiv 2003/98/EF) om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor.