Verkeområde
Forskrifta har reglar om pålegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr etter føresegnene i omstillingslova § 7 og § 8.
Tvangsmulkt
Tvangsmulkt etter omstillingslova § 7 kan fastsetjast som ei laupande dagmulkt eller som eit eingongsbeløp. Om plikta til å betale eit eingongsbeløp ikkje er oppfylt innan fristen, kan det fastsetjast eit nytt eingongsbeløp med ny frist. Laupande dagmulkt lauper både på vyrkedagar og fridagar og held fram til plikta vert oppfylt.
Tvangsmulkt kan berre gjevast ved alvorlege brot på pliktene etter § 3, § 4 eller § 6. Som alvorlege brot reknast blant anna at det ikkje er sendt inn melding i det heile, eller at meldinga er so mangelfull eller at endeleg avgjerd om nedlegging er treft så kort tid etter meldinga er sendt inn, at fylkeskommunen ikkje har hatt høve til å gjennomføre behandling av meldinga, jf. omstillingslova § 5.
Har fylkeskommunen fastsett laupande tvangsmulkt, skal mulkta kunne setjast til opp til halvparten av grunnbeløpet i folketrygda (G) per dag.
Har fylkeskommunen fastsett eit eingongsbeløp kan mulkta ikkje setjast høgare enn 5 G. Ved fastsetjing av storleiken på mulkta skal det takast omsyn til at mulkta skal få tilstrekkeleg førebyggjande verknad. Ved vurderinga kan ein sjå hen til kor grovt lovbrotet er og til bedrifta sin storleik, mellom anna omsetnad og tal på tilsette.
Fylkeskommunen fastset frist for betaling etter reglane i omstillingslova § 7 andre ledd. Frist for betaling av eingongsbeløp skal vere minst ei veke etter at underretning med pålegg om tvangsmulkt er motteke av bedrifta. Mulkta forfell til betaling første vyrkedag etter at fristen er ute. Laupande dagmulkt forfell til betaling i daglege terminar frå og med første vyrkedag etter at fristen er ute. Ved forseinka betaling gjeld forsinkelsesrentelova.