Av eigedomsskatt til kommunane som ikkje er oppgjord seinast rette betalingsdagen, skal det svarast rente der rentesatsen er lik den til ein kvar tid gjeldande rente fastsett i forskrift gitt med heimel i lov av 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. § 3 første ledd første punktum, rekna frå rette innbetalingsdagen og til skatten vert betalt.
Av eigedomsskatt til kommunane som vert betalt attende, skal det svarast rente rekna frå betalingsdagen og til skatten vert betalt attende. Rentesatsen skal svare til den pengepolitiske styringsrenta slik denne er fastsetje av Norges Bank per 1. januar det aktuelle året.
Skyldnaden til å svara rente gjeld berre for eigedomsskatt som er på kr 200 eller meir. Renta skal utreknast etter at skatten er avrunda nedetter til næraste 100 kr. Samla rente på under kr 10 skal ikkje innkrevast eller betalast attende.