Formål
Denne forskrifta har til formål å gi nærare føresegner for utøving av jordbrukstilknytte bruksrettar og ressursutnyttinga elles i statsallmenningane. Ved praktiseringa av forskrifta skal det leggjast til grunn ein rasjonell bruk av ressursane i statsallmenningane, slik det er naturleg etter tida og tilhøva.
Verkeområde
Denne forskrifta gjeld i statsallmenningar som fell inn under § 1 i fjellova.
Rettar i statsallmenningane i kraft av særleg heimel går ikkje inn under denne forskrifta. Det gjeld òg retten til samisk reindrift, jf. føresegnene i lov 15. juni 2007 nr. 40. om reindrift (reindriftslova).
Administrasjon
Fjellstyra skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenning slik det følgjer av fjellova og denne forskrifta. Dei skal arbeide for å sikre at allmenningen blir brukt på ein måte som fremjar næringslivet i bygda og tek vare på naturvern- og friluftslivsinteressene, jf. § 3 andre ledd i fjellova.
Om ein søknad om beite, seter eller tilleggsjord m.m. gjeld område i statsallmenning med produktiv skog skal allmenningstyret alltid vere gitt høve til å uttale seg.
Iverksetjing av grunndisponeringstiltak, under dette tiltak som gjeld vassdrag, kan berre skje etter løyve frå departementet eller den departementet gir fullmakt, jf. § 12 i fjellova og forskrift fastsett 1. juli 1995 nr. 679 om delegasjon av myndigheit etter fjellova.
Beiterett
Jordbrukar med beiterett i statsallmenning har rett til å beite med så stor buskap han kan vinterfø på eigedomen, jf. § 15 første ledd i fjellova. Fjellstyret kan godkjenne at det blir beita med større buskap enn dette, når det kan skje utan skade for andre som har bruksrett, jf. § 15 andre ledd i fjellova.