Med heimel i lov 21. mars 1947 nr. 2 om skattlegging av sjømenn § 4 nr. 1 bokstav a siste punktum har Finans- og tolldepartementet fastsett 15. desember 1982:
Sjømann kan krevja frådrag i sjømannsskatten når han i trekkåret har kjøpt part i aksjefond som gjev rett til skattefrådrag etter skattelova § 44 ellevte leden nr. 3.
For slikt frådrag gjeld:
Parten i fondet må tilhøyra sjømannen eller ektemaken.
Frådraget må vera større enn den skatten og medlemsavgifta til folketrygda som sjømannen betaler same året av inntekt i land.
Sjømannen kan ikkje krevja frådraget før likninga er ferdig for same inntektsåret.
Direktoratet for sjømenn gjev nærare reglar om korleis skipnaden med frådrag skal verta gjennomførd.
Desse forskriftene tek til å gjelda med det same og får verknad første gongen for sjømannsskatt som vert trekt i 1982.