Kva føresegnene gjeld
Føresegnene gjeld eigedomsinngrep til riks-, fylkes- og kommunal veg etter veglova § 50.
Minnelege forhandlingar om eigedomsinngrep
Før vedtak om eigedomsinngrep kan gjerast, skal vegstyremakta, eller kommunen i saker som blir fremma etter § 5 første eller andre ledd i føresegnene her, prøve å nå fram til semje med dei inngrepet råkar.
Unntak frå regelen i første ledd kan gjerast når vegstyremakta
ser det som rådlaust å nå fram til semje, eller
finn at saka er av ein slik karakter eller eit slikt omfang at det ikkje ligg til rette for minnelege forhandlingar.