Namnet på laget er:Laget har sæte i ................herad/by.
Føremålet for laget er ymsesidig trygding av etternemde trygdingsemne på dei vilkår som står i denne vedtekta og i dei ålmenne trygdevilkåra.
Det kan gjevast trygding på................................................................................................................................................................................
Dei som kan takast inn i trygdelaget, er eigarar av ting som er nemde i § 2, når eigaren høyrer heime i..................................................
Attertrygding fører ikkje med seg lagmannskap.
Trygdelaget kan ikkje taka høgare sum på eiga rekning enn kr. ..... ...på ei vågnadseining.
Dei som står i laget, har ikkje sjølve ansvar for lagsskuld.
Dei premiane som trengst til lagsutgiftene, skal liknast ut på dei innskrivne pengesummene i forskot og med frå % til % for året. Styret fastset premiane innanfor desse grensene.
Skulle inntektene i rekneskapsbolken verta for lite til ansvaret og utgiftene åt trygdelaget, endå om det vert nytta reservefondspengar etter § 15, skal det svarast ein etterskotspremi som vert utlikna i høve til forskotspremien. Men etterskotspremien skal aldri verte meir enn % av forskotspremien.
Har trygdelaget ikkje nok pengar til alle krav og utgifter i rekneskapsbolken, skal det som vantar, liknast ut – med same prosent – på alle skadar som lagsfolk har hatt og meldt i den tidsbolken.